Fastsatt som forskrift av Kunnskapsdepartementet 15.11.2019
Gjeld frå 01.08.2020 http://www.udir.no/lk20/MHE01-02
Mat og helse er eit sentralt fag for å utvikle forståing for samanhengar mellom kosthald og helse. I mat og helse skal elevane lære å planleggje og lage mat og oppleve måltid saman med andre. Faget skal bidra til at elevane utviklar kompetanse til å meistre eige liv. Mat og helse skal bidra til å fremje folkehelsa, matgleda og interessa for mangfaldet av matvarer og måltidsskikkar i samfunnet. Mat og helse skal stimulere til kreativitet, samarbeid og gjennomføringsevne.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Mat og helse skal gjennom praktisk arbeid, utforsking og estetiske uttrykksformer bidra til at elevane utviklar engasjement og kreative og skapande evner. Gjennom sosialt fellesskap rundt matlaging og måltid skal faget bidra til å fremje samarbeid, forståing, omsorg og respekt for kvarandre, og gi grunnlag for likeverd og likestilling. Vektlegging av normer og verdiar i norsk og samisk matkultur og utforsking av andre matkulturar skal bidra til å styrkje verdsetjinga av kulturelt mangfald og hjelpe elevane til å utvikle ein trygg identitet. Mat og helse skal bidra til at elevane utviklar kritisk tenking, etisk medvit og ansvarskjensle slik at dei blir i stand til å velje mat som er både helsefremjande og berekraftig.
Gjennom å lage mat og førebu måltid skal elevane få oppleve matglede og utvikle kunnskap om trygg mat og helsefremjande kosthald. Kostråda til helsestyresmaktene er sentrale for undervisninga og elevane skal få forståing for samanhengen mellom næringsstoff og helse og utvikle kompetanse til å kunne velje eit sunt og variert kosthald.
Bruk og val av mat påverkar individet, miljøet og verda vi lever i. Gjennom å planleggje måltid og lage mat skal elevane lære å utnytte råvarer og matrestar og forstå at mat er ein avgrensa ressurs, slik at dei lærer seg berekraftige matvanar og blir bevisste forbrukarar.
Kulturen kring mat og måltid er i kontinuerleg endring og er påverka av råvarebruk, kunnskap, tradisjonar og sosiale eller religiøse normer og verdiar.
Matlaging og måltid er sosiale arenaer for utforsking, samarbeid og samskaping. Møte mellom matkulturar og kulturelle aktivitetar frå Noreg og andre land fremjar mangfald og opnar for forståing, bevisstgjering og nysgjerrigheit. Slik skal elevane få oppleve matglede saman og slik kan matkulturane våre både fornyast og takast vare på.
I faget mat og helse handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å gi elevane kunnskap om matvarer og matvanar som gir grunnlag for god helse. Gjennom å planleggje og lage mat og måltid skal elevane få god innsikt i dei nasjonale kostråda. Faget skal bidra til å fremje folkehelsa og førebyggje livsstilssjukdommar. Det skal bidra til livsmeistring for den enkelte og til å redusere sosiale forskjellar i helse. Måltidsfelleskap og praktisk samarbeid på kjøkkenet skal bidra til å styrkje sjølvkjensla til elevane og opplevinga deira av tilknyting og fellesskap.
I faget mat og helse handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å leggje vekt på at både matproduksjonen og matforbruket bør skje på måtar som ikkje er til skade nasjonalt eller globalt verken no eller i framtida. Faget skal bidra til at elevane blir bevisste på etiske og økonomiske spørsmål om matproduksjon og matforbruk og på fordeling av matressursar, slik at dei blir i stand til å ta ansvarlege val og utvikle gode verdiar og haldningar.
Munnlege ferdigheiter i mat og helse er å kunne formidle fagleg undring og refleksjon gjennom forteljingar, samtalar, diskusjonar og presentasjonar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i mat og helse går frå å samtale om matlaging og måltid til å presentere og diskutere stadig meir komplekse tema om helse, matforbruk og matsikkerheit. Etter kvart må elevane bruke fleire fagord når dei skal grunngi vala sine eller delta i faglege diskusjonar.
Å kunne skrive i mat og helse er å utforme tekstar til bruk i matlaging og i samband med måltid. Det er òg å formidle fagleg kompetanse og å kunne gi uttrykk for synspunkt eller val. Utviklinga av skriveferdigheiter i mat og helse går frå å kunne skrive enkle handlelister og korte samansette tekstar til å kunne planleggje og utforme oppskrifter og menyar.
Å kunne lese i mat og helse er å forstå, tolke og vurdere oppskrifter, tabellar og illustrasjonar i samband med matlaging. Det er òg å forstå og vurdere relevante fagtekstar. Utviklinga av leseferdigheiter i faget går frå å forstå enkle illustrasjonar og samansette tekstar på papir og skjerm til å tolke og kritisk vurdere meir komplekse fagtekstar, figurar og tabellar i ulike medium.
Å kunne rekne i mat og helse er å kjenne att og bruke tal og nemningar for volum, vekt, mengd, brøk, forholdstal, tid, temperatur og geometriske figurar i samband med matlaging. Det er òg å rekne ut og vurdere porsjonar i oppskrifter og å formidle tal og talmateriale når ein skal samanlikne eller diskutere faglege og tverrfaglege tema. Utviklinga av rekneferdigheitene går frå å kunne bruke korrekte rom- og vekteiningar og lage enkle diagram og tabellar til å kunne bruke ulike matematiske ferdigheiter i planlegginga og gjennomføringa av matlaging. Vidare går utviklinga til å kunne lage meir komplekse tabellar og figurar i skriftlege arbeid.
Digitale ferdigheiter i mat og helse er å kunne bruke eit variert utval av digitale ressursar og teknologiar for å styrkje dei praktiske matlagingsferdigheitene. Det er òg å formidle og vurdere digitale tekstar og lyd-, bilet- og filmfiler som er relevante og truverdige for faget. Utviklinga av digitale ferdigheiter i mat og helse går frå å kunne bruke digitale ressursar til å leite etter informasjon, følgje oppskrifter og presentere fakta, til å nytte eit breitt utval av digitale ressursar for å kritisk vurdere informasjon frå ulike medium og for å kommunisere om faglege refleksjonar. Utviklinga kan òg gå frå å bruke enkel til å bruke meir avansert teknologi i samband med matlaging.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i mat og helse på 1., 2., 3. og 4. trinn når dei lagar mat og måltid og når dei samtaler om korleis matval og måltid kan påverke helsa vår og verda vi lever i.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver på kjøkkenet og andre eigna læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i mat og helse. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse til å lage måltid som gir grunnlag for god helse og til å bli bevisste forbrukarar.
Kompetansemål og vurdering 7. trinn
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i mat og helse på 5., 6. og 7. trinn når dei lagar, utforskar og vurderer mat og måltid og når dei reflekterer rundt problemstillingar knytte til kosthald, helse og matforbruk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver på kjøkkenet og andre eigna læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i mat og helse. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse til å lage berekraftig mat som gir grunnlag for god helse, og til å bli bevisste forbrukarar og formidlarar av matkultur.
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i mat og helse på 8., 9. og 10. trinn når dei lagar, utforskar og vurderer mat og måltid og når dei reflekterer rundt problemstillingar knytte til kosthald og helse, matproduksjon, matval og forbrukarmakt og identitet og matkultur.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver på kjøkkenet og andre eigna læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om deira utvikling i mat og helse. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse til å lage berekraftig mat som gir grunnlag for god helse, og til å bli bevisste og ansvarlege forbrukarar og formidlarar av matkultur.
Standpunktkarakteren skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen eleven har i mat og helse ved avslutninga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i mat og helse basert på kompetansen eleven har vist i praktisk og utforskande arbeid med mat og måltid. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhald og samanhengar i faget.
10. trinn: Elevane skal ha éin standpunktkarakter i mat og helse.
Skoleruta 2024-2027
Skoleruta 2023-2024